Om Liaskjærshallen og leigetakarar

I Liaskjærshallen er det full aktivitet nesten kvar einaste dag - året rundt. Sjå under for informasjon om komande arrangement og våre leigetakarar.

Om Liaskjærshallen

Liaskjærshallen er ein flerbrukshall med nytt flott vektrom, gruppetimer og stor innandørs hall til forskjellige ballspel. Du kan også leiga den flotte hallen til ulike arrangement.

Idéen om å byggje ein hall, fekk reiar i Liegruppen, Peder O. Lie etter å ha opplevd hjarteinfarkt. Med eit ønskje om å etablere ein møteplass for bygdene Ekerhovd, Lie og Liaskjeret, stod Liaskjærshallen ferdig like før jula 2008. I tillegg til å bidra til folkehelse gjennom eit variert treningstilbod, har Liaskjærshallen med sine 800 kvadratmeter vorte ein arena for kulturarrangement med mellom anna konsertar, show og den årlege julemessa. I dag trekker treningstilboda i Liaskjærshallen til seg medlemmer fra heile Bergensregionen. Leis meir om historia bak Liaskjærshallen her.

Gjenåpning.

Generelle retningsliner
Vi ber  alle om å vaske å sprite hendene når du kjem og når du forlater Liaskjærshallen. Ta med eigne drikkeflasker og rikeleg med vatn til alle typar trening. Det er ikkje mogeleg å fylle private drikke flasker eller drikke frå springen i Liaskjershallen. Hald minst 1 meter avstand til andre, 2 meter ved spinning. Har du symtom på covid19 MÅ du helda deg heima. Er du lett forkjøla eller hoster må du også vera heime.

Vektrommet 

Alle treningsapparat på må spritast før og etter du brukar det slik at det er klart til neste person. Liaskjærshallen set ut spritflasker like utenfor vektrommet som dåke kan bruke til dette.
Minst 1 meter avstand til andre som trenar. Liaskjærshallen har ikkje handklær tilgjengeleg. 

Garderobar

Det er dessverre framleis ikkje lov å bruke dusjanlegget i hallen, alle må stilla klar i treningstøy når dåke kjem, og dusje heime etter trening. Toaletta er opne.

Spinning
Alle må sprite sin sykkel før og etter trening. Det skal vera 2 meter avstand mellom syklane under trening.

Våre leietakarar

Salong Mali As ligg i andre etasje i Liaskjærshallen. Liten og intim Salong med fokus på kunden. Marie Lie som driver Salongen har lang erfaring i frisørfaget.

Nokre av tinga ho utfører i Salongen er klipp, farge, striping, foliestriper, farging/napping av bryn, lett fotbehandling og shellac mellom anna.

Stikk innom for ein prat, bestilling av time eller ring Marie Lie direkte på telefon 916 07 817.